25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?
Det er godt å kunne legge det som tynger i Guds hender. Han er der og har eit ynskje om å ta imot alt det vi har på hjartet. Livet er meir enn berre mat og klede. Det handlar om korleis vi har det inni oss også. Nokon dagar kan vere vanskelege andre kan vere fantastiske.
Ei sak har minst to sider. Slik er det også med meg og mi tid som volontør. Det nærmar seg tida for å reise tilbake til Noreg. Eg både gledar meg og syns det er dumt å måtte forlate gode vener og folk her i La Paz.
Likevel er eg klar for å reise. Det er også andre sider som spelar inn. Den første tida eg var her i Bolivia syns eg alt verka så interessant og spanande. No har eg vore her i nærare sju månader, og sett at det som gjerne verka spanande i starten har sine skyggesider. Det er ein grunn til at folk det ikkje er vanleg å gå på heimebesøk til naboen eller kjenningar.
Den siste tida har eg opplevd på ein heilt anna måte enn begynnelsen. No er det meir slik at alt som var spanande i starten ikkje er så spanande likevel. Situasjonen er snudd på hovudet, og tankane mine har forandra seg. Alt er ikkje like greit og flott. Det som såg så interessant ut i starten har også sine skyggesider.
Eg har over ein kort periode fått vener, blitt kjend med og opplevd den bolivianske kulturen på kroppen. Tankar om ting har forandra seg undervegs som eg har fått nye erfaringar. Det er fleire ting eg ikkje forstår. I tillegg er det opplevingane rundt det å vite at eg er ein av dei andre. Eg vil aldri komme ordentleg under huden og forstå korleis ting heng saman.
Hovudet mitt har fått mange ting å undrast over og tenkje på. Sjølv om kulturen er forskjellig og eg har opplevd kulturforskjellane, så har menneska her også kjendsler. Det er uro og bekymringar hos folk her akkurat som i Noreg, sjølv om det dei uroar seg for kan vere heilt andre ting enn vi tenkjer på i Noreg. Oppi alt dette så er Gud med, og Han seier at vi ikkje skal uroe oss! Det er lettare sagt enn gjort, men det er veldig godt å vite at det er Gud sin vilje for oss. Eg kan legge alt som uroar over på Han og stole på at Han er med meg...
Weekend Reflections Shadow Shot Sunday
3 kommentarer:
Terrific shadow shot for the day! Enjoy your weekend!
Sylvia
Such a beautiful bird. I like the iridescence of his/her feathers!!
My Shadow Shot Link:
Purple Daisy in Shadows
Have a glorious Sunday!! Stop by to visit if you can find time. Your company is always welcomed.
Perfect shadow of the pidgeon--nice shot. Mickie
Legg inn en kommentar